1400 dekar: Nigard Kostveit er ein landbrukseigedom på 1400 dekar. Både våningshus og fjøs er frå om lag 1900. Samla takst på eigedomen er 1,2 millionar kroner. (Bildet er frå takstpapira)
Meiner det er heilt vilt å la dette småbruket bli fritidsbustad
Det blei fart i Vinje-politikar Liv Sigrun Nykos Midtun (Sp) då rådmannen tilrådde å gje tre utanbygdes brør konsesjon på ein landbrukseigedom i Kostveitgrenda. Midtun fekk heile planutvalet med på å avslå konsesjon.
Dei tre syskena Anders Nyberg (Oslo), Halvor Nyberg (Skien) og David Nyberg (Asker) har søkt om konsesjon på overdraging av landbrukseigedomen Nigard Kostveit gnr. 51/1 frå sin far Gudmund Ragnar Nyberg. Dei vil ikkje busetje seg på eigedomen, men halde fram med å nytte han til fritidsbruk.
Eigedomen ligg i Kostveitgrend, og har ifølgje gardskart eit samla areal på om lag 1400 dekar. Det meste er skog, men det finst òg nær 30 dekar innmarksbeite og noko fulldyrka mark.
Det har ikkje vore busetting der sidan 1950-talet. Det er oppført eit eldre våningshus og driftsbygning, og ei hytte på garden. Takst viser at ein må rekne med totalrenovering av bygningsmassen, utanom hytta.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP