Synfaring: Formannskapet var på synfaring torsdag før dei godkjente søknaden om bruksendring. På bildet: Kommunedirektør Erling Laland, Trine Anette Østenå (Sp), og landbruksrådgjevar John Olav Lia.
Øystein Øygarden
Nå har dette huset blitt godkjent som hytte
Formannskapet i Kviteseid har godkjent at eit bustadhus tett inntil vegen i Vråliosen blir omregulert til fritidsbustad.
Vedtaket blei gjort etter synfaring og utan debatt i det etterfølgande møtet på Fossøy i Vrådal torsdag.
Eigedomen blei etablert som tomt for bustadhus i 1947, men det har ikkje budd folk her sidan 1986. Ruth Astrid Myhra, som søkte om permanent fritidsbustad, skriv at huset har eit stort behov for oppussing om det igjen skal takast i bruk som heilårsbustad. Ho viser elles til at det ikkje er eigna avkøyring til tomta, at det er camping og hytter rundt, og at det er langt til barnehage, skule og butikk.
I saka til formannskapet blir det vist til at kommunen er strenge i spørsmål som knytt til folketal, som til dømes søknader om bruksendring. Kommunedirektøren meinte det i denne saka var rett å godta at det huset blir hytte.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP