Blir naboar: — Nå ser me fram til kva framtida vil bringe som naboar, uttala fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) til ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen (H) framfor hovudinngangen til den tidlegare vidaregåande skulen i Seljord.
Tone Tveit
Nå har kommunen overtatt den gamle husmorskulen
Eigedomen som har husa både husmorskule og vidaregåande skule i Seljord er nå kommunal.
Onsdag blei avtala mellom kommunen og fylkeskommunen underteikna på kommunehuset i Seljord. Kjøpesummen for eigedomen, som fyrst blei verdivurdert til 9,2 millionar kroner, er på 1 krone.
– Me vil fylgje spent med på kva kommunen kan få til på eigedomen, og ser fram til vidareutvikling av fylkessenteret nå som me får ein god nabo i dei andre bygga, seier fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) til VTB etter at dokumenta er signert.
Dialogen om eit eigarskifte av eigedomen med ei bygningsmasse på om lag 3000 kvadratmeter og ei tomt på 22 700 kvadratmeter starta alt i mars i fjor. Fylkeskommunen ynskte berre å behalde bygget som husar fylkessenteret og tilhøyrande areal til parkeringsplass, ikkje bygga som i si tid var husmorskule.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP