Slepp å bu på eigedomen: Nella Croese og Bart Scholten trivst godt i Fjågesund, og planen er å vere der mykje. Nå kan dei nytte det gamle bedehuset som fritidsbustad.

Nå har Statsforvaltaren konkludert om bedehus-buplikta

Kviteseid kommune kravde buplikt på det gamle bedehuset i Fjågesund. Nå opphevar Statsforvaltaren vedtaket.

Publisert

I 2022 kjøpte Nella Croese og Bart Scholten det gamle bedehuset i Fjågesund. Planen var å bruke huset som fritidsbustad.

Huset, som er frå 1930, vart bruka som bedehus fram til 2008. Då vart det seld på den private marknaden. Scholten er den tredje private eigaren av bygget, og skreiv under på ei nederlandsk kjøpekontrakt.

– Eg var ikkje klar over at det var buplikt her. Det fekk eg greie på etterpå, fortalde han til VTB i fjor sommar.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS