Nå har Statsforvaltaren konkludert om Settongslid-konsesjonen

Eigedomen Settongslid i Tokke må bli seld innan 27. september i år.

Publisert Sist oppdatert

Det er klart etter at Statsforvaltaren nå har konkludert i konsesjonssaka i Smørklepp i Tokke – og stadfesta Tokke kommune sitt vedtak frå desember i fjor.

Siv Reidun Eide fekk då avslag på konsesjonssøknaden. Vedtaket blei klaga på. Kommunen heldt oppe sitt konsesjons-nei i april i år. I vedtaket fekk Eide tre månader på seg til å selje eigedomen. Denne fristen blei forlenga til den endelege konklusjonen frå Statsforvaltaren låg føre.

Sjølv om Eide oppfyller dei fire omsyna kommunane skal ta stilling til i konsesjonssaker, meiner kommunen det finst ein annan interessent frå Høydalsmo som vil oppfylle omsynet til busetting betre. Mannen har, ifylgje skrivet frå Statsforvaltaren, vist interesse heilt sidan 2019 og vore i jamleg kontakt med kommunen. Han skal nyleg ha stadfesta at han framleis er interessert i eigedomen til ein fornuftig pris.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS