Bygd i 1895: Vråliosen hotel, også kalla Vraaliosen turisthotell ligg i enden av Vråvatn, og var endestasjon for dampskipsruta som hadde gått på Vråvatn og Nisser sidan 1867. Hotellet blei starta av Mikkel Flatland i 1895. Seinare overtok Astrid Iversen, og kring 1950 var Kåre Steen eigar av hotellet.
Kari Smeland
Nå kan hotellet frå 1895 forsvinne frå bygda: – Målet er å lage Noregs best bevarte og autentiske hotellanlegg frå siste del av 1800-talet
Planen er at tømra frå 1895 blir riven og flytta, medan bygget «revegården» blir ståande att i Vråliosen. Nå kan Vråliosen hotell bli gjenoppliva som hotell, og integrert som ein del av Tuddal Høyfjellshotel.
I nabovarsel som blei sendt ut i starten av juni, på vegner av Eva Wenche Mellquist som er eigar av Vråliosvegen 2140 gnr./bnr. 7/10, skriv Ven Arkitektur, ved Inger Totland, at det blir søkt om rammeløyve til rivning av del av bygning, og beskriv dei vidare planane for Vråliosen hotell som ligg ved enden av Vråvatn, i Vrådal.
Naboane har to vekers frist til å kome med merknader. Ven arkitektur som er ansvarlege for byggeprosjektet, vil sende eventuelle merknadar saman med søknaden til kommunen.
Kviteseid kommune stadfestar at dei ikkje har fått søknad om riving av hotellbygningen i Vråliosen enno, men har høyrd at den vil kome. Plankontoret opplyser at ein slik søknad må til politisk handsaming i formannskapet, og at den ikkje bare kan bli behandla administrativt.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP