Fekk fleirtal: På vegner av Sp og KrF la ordførar Jarand Felland fram forslag om å lage reguleringsplan for bustadtomter på Åmdals Verk. Kostnaden er sett til 300 000 kroner.

Ordføraren fekk fleirtal for å planlegge nye bustadtomter. – Det er rett og slett sjukt fin utsikt

Tokke kommune ønsker å lage nye bustadtomter på Åmdals Verk. Men kvar skal dei ligge?

Publisert

Politikarane i Tokke vedtok i juni 2023 at kommunen skal utvikle nye bustadtomter i tilknyting til busetnaden som alt er på Verket. Det vart då også bestemt at kommunen ønsker å utvide ledig areal i reguleringsplanen og utvide det eksisterande bustadfeltet, heller enn å starte ein lang prosess med å etablere bustadfelt ved Åmlivatn, som var eit av alternativa.

Då kommunestyret møttest for siste gong før jol i fjor la posisjonen fram eit verbalforslag om kommunen likevel også skal sjå på moglegheita for å etablere bustadtomter med utsikt mot Åmlivatn. Forslaget fekk fleirtal, men Ap, Høgre og SV stemte imot.

Onsdag hadde formannskapet møte, og saka «bustadfelt på Åmdals Verk med utsyn over Åmlivatn» var på sakskartet. Men vedtaket som til slutt fekk fem av dei sju røystene gjeld bustadtomter utan utsikt mot Åmlivatn.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS