Lund: Småbruket er på totalt 500 dekar. Lund har våningshus, garasje og driftsbygning.
Geir Ufs
Par fekk løyve til å overta småbruk
Hovudutval for plan og miljø i Fyresdal har støtta tilrådinga frå kommunedirektøren om å gje Eldri Marie Metveit Nedrebø og Jostein Nedrebø konsesjon på den 500 dekar store eigedomen Lund/Liene.
Det er eit vilkår at paret buset seg på eigedomen innan eitt år etter at konsesjon er gjeve og bur der samanhengande i minst fem år.
Seljar av småbruket er Ola Arve Levang. Avtalt kjøpesum er fire millionar kroner.
Lund ligg ved Snartelandsbrua ikkje langt unna Fyresdal sentrum, og har eit totalareal på 32 dekar der 17 dekar er dyrka mark. Liene ligg i Fjellgardane og utgjer resten av eigedomen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP