Seld: Mai Kersten og Knut Gunnarsli frå Skien har kjøpt Førnes på Møsstrond, men rådmannen vil ikkje gje konsesjon.

Paret kjøpte den veglause eigedomen til over 8 millionar, nå kan dei bli tvungne til å selje

Mai Kersten og Knut Gunnarsli har kjøpt eigedomen Vest Førnes og Galar 1 for 8,35 millionar kroner. Dei skriv i søknaden at dei planlegg å bruke eigedomen som deira reelle bustad og sin «faste tilhaldsstad vidare i livet», men rådmannen vil ikkje gje konsesjon.

Publisert Sist oppdatert

Det er omsynet til busetjing som ligg bak rådmannens tilråding om å avslå søknaden, som også kjem med eit tilleggspunkt der ekteparet Gunnarsli vil bli pålagd å selje eigedomen att innan tre månadar. Planutvalet får saka på sitt bord til veka.

Paret har kjøpt eigedomen for 8,35 millionar kroner av Liv Åkre.

– Ekteparet Gunnarsli har oppgjeve at dei vil busette seg på garden. Dei vil kombinere sine eksisterande arbeidsforhold med heimekontor og pendling med fast busetting på Førnes. Knut Gunnarsli presiserer at han har arbeid som han vil utføre via kontor på garden, og at garden vil vere deira reelle bustad. Mai Kersten vil likevel pendle til eigen tannlegepraksis i Skien kvar veke – og dei vil behalde huset i Skien. Utover det vil Vestre Førnes vere deira faste tilhaldsstad vidare i livet som dei skriv, heiter det i sakspapira til planutvalet.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS