Nye bustader: Dei kvite bygga eksisterer alt i dag. Dei brune er føreslått nye. Øvst til venstre i bildet er Granvin kulturhus. Til høgre er uteområdet på skulen.

Planar om 46 nye bueiningar i sentrum: Slik kan det bli sjåande ut på den gamle billagstomta

Planane for nye leilegheitsbygg på den gamle billagstomta i Seljord kan bli banka gjennom i kommunestyret før jol.

Publisert Sist oppdatert

Kommuneplanleggar Maria Dyrland Fremmerlid presenterte skisser, som Feste Grenland AS har utarbeidd, for formannskapet i Seljord torsdag.

Saka skal etter planen til behandling i samfunnsutvalet i november, før ho skal ut på høyring. Politikarane var også klare på at dei ynskjer å invitere innbyggjarane til folkemøte før prosjektet kan bli klubba i det siste kommunestyremøtet før jol – om den skisserte framdriftsplanen held.

Kommunestyret løyvde i februar 300 000 kroner til planarbeidet. I april var saka til diskusjon hos formannskapet. Dei ynskte mellom anna ein fleksibel reguleringsplan, aldersvennlege leilegheiter og universell utforming. Dei ville ikkje ha store parkområde.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS