Smilande klagar: Knut Olav Edland var fornøgd etter at planutvalet snudde og sa ja til at han får dele frå hytta Naustnuten ved Songa til dottera si.

Planutvalet snur – seier ja til at Knut Olav får dele hytta ved Songa frå garden

Tidlegare i haust sa plan- og miljøutvalet i Vinje nei til at Knut Olav Edland får dele hytta Naustnuten ved Songa frå garden. Nå har politikarane snudd.

Publisert Sist oppdatert

Sonen til Edland, Odd, skal overta farsgarden Edland nedre, medan dottera Ingebjørg skal overta morsgarden Nestestog. I samband med generasjonsskiftet ønsker Edland å dele frå utleigehytta Naustnuten ved Songadammen til dottera. Det sa politikarane i september nei til. Klagesaka blei behandla førre veke.

Edland driv med hytteutleige, men meiner at ei frådeling av Naustnuten ikkje vil ha noko å seie for driftsgrunnlaget til garden. Han peikar på at dette er den av utleigehyttene som genererer minst inntekt, sidan den berre eignar seg for sommarutleige på grunn av dårleg isolasjon og vinterstengd veg til Songa. Vidare argumenterer Edland med at planutvalet har sagt ja i fleire liknande saker. Han meiner det også må leggast vekt på busetjing og tilknyting, og at det er positivt at både dottera og sonen vil overta gardar og busette seg i kommunen.

– Me vil med det ikkje belaste korkje bustadfelt, tomter eller prisnivået der, men vera med på å halde busetjinga oppe og ljos i fleire hus, skriv Edland i klaga si.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS