Fekk nei att: Sudbø (t.v.) og Røyndal (t.h.) ligg eit par kilometer frå kvarandre og var to bruk ein gong i tida. Eigarane ønskjer å dele bruka opp att, slik at dei sjølve kan behalde Sudbø og sonen overta Røyndal. Sonen bur allereie på Røyndal, der han har bygd seg hus på den frådelte tomta ein ser i sørenden av eigedomen. Politikarane sa nei til søknaden i fyrste runde, og heldt fast ved dette då klaga vart handsama førre veke. Foto: gardskart.nibio.no
Seier framleis nei til at gardsbruka blir dela
Trygve Veslestaul får framleis nei til sin søknad om å dele opp gardsbruka Røyndal og Sudbø i Øyfjell.
Gardsbruka ligg med eit par kilometers mellomrom, og Veslestaul søker om deling fordi sonen ønskjer å overta det eine bruket, der han alt har bygd seg hus på ei frådelt tomt. Sonen har ikkje tid eller økonomi til å overta det samla gardsbruket.
Både administrasjonen og politikarane har vore i tvil i denne saka. Innstillinga frå administrasjonen i fyrste runde var å seie ja, medan politikarane valte å seie nei.
Veslestaul klaga på vedtaket, og i førre veke var plan- og miljøutvalet på synfaring før dei handsama klaga. Administrasjonen si innstilling var å ta klaga til følge, men seks av sju støtta dette forslaget frå PMU-leiar Tone Edland (Sp):
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP