Frådeling: Området med blå ramme viser delen av eigedomen som søkjar ynskjer å dele frå for å selje til bustadføremål. Tidlegare denne månaden fekk han klarsignal frå formannskapet.
Sakspapir Kviteseid kommune
Seier ja til frådeling av gardseigedomen: – Omsynet til busetjing bør koma framom kravet til driftsmessig god løysing
Formannskapet i Kviteseid sa tidlegare denne månaden ja til at Gunnar Straand kan dele frå 20 dekar av garden Jore, på sørsida av Dalanvegen i Kviteseid. Straand vil selje den frådelte tomta til bustadføremål.
Straand, som eig og bur på nabogarden Jusureid, ynskjer å tilføre 101 dekar av Jore-tomta til denne, medan dei resterande 20 altså blir delt frå og skal seljast.
– Jusureid og Jore er ikkje større bruk enn at dei samla sett også er ei landbruksmessig lita driftseining også i lokal målestokk. Det vert ikkje drive aktiv jordbruk av eigar sjølv, men jorda vert leigt ut til andre. Skogen driv eigaren sjølv, både med ved og eit gardssagbruk. Bruka har ikkje bygningar som er eigna til husdyrproduksjon, skriv sakshandsamar John Olav Lia i saka.
Administrasjonen meiner ein teig på nordsida av Dalanvegen, på kring 35 dekar «ideelt sett» også fylgd med det frådelte arealet, men då søkjar i dag driv med produksjon av ved i dette området, er dette ikkje aktuelt per no.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP