Lokalkunnskap: Ann Helén Jamtveit frå Kviteseid jobbar som eigedomsmeklar i Eiendomsmegler 1 Midt-Telemark og Notodden. Ho sel både hus og hytter, og meiner lokalkunnskap er ein stor fordel.
Kari Smeland
Sidan januar i fjor har Ann Helén selt elleve hus i Kviteseid. – Eg er lokal og kjenner området godt
I litt over tre år har Ann Helén Jamtveit jobba som eigedomsmeklar. Ho sel både hus og hytter i store delar av Vest- og Øvre-Telemark, og meiner lokalkunnskapen er ein stor fordel.
– Vil de sjå litt ute fyrst? Eg blir ståande her, sidan det kjem litt fleire, fortel Jamtveit til dei fyrste som kjem på visning.
Det er laurdag og visning på ein einebustad i Vrådal. I annonsen blir eigedomen skildra som ein særeigen og innhaldsrik familiebustad. Jamtveit fortel at det ikkje er så ofte denne type hus blir lagt ut for sal i Vrådal, og har valt å arrangere visning i helga.
– På vanlege hus har me stort sett visningar på ettermiddagane, men på landbrukseigedomar, småbruk og hus som dette brukar eg å ha visning ei helg. Då har også folk som kjem langvegsfrå høve til å kome, seier ho.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP