Nytt nei: Plan- og miljøutvalet i Vinje har for andre gong gjeve eit samrøystes nei til at tre utanbygdes brør får konsesjon på Nigard Kostveit. Landbrukseigedom er på 1400 dekar, og ligg i Kostveitgrend. (Bildet er frå takstpapira)

Søskena klaga på at dei ikkje får ha dette som fritidsbruk. Nå har politikarane svara.

Plan- og miljøutvalet i Vinje står på sitt om ikkje å gje tre utanbygdes søsken konsesjon på landbrukseigedomen Nigard Kostveit.

Publisert

I januarmøtet i år handsama plan- og miljøutvalet ein søknad frå syskena Anders Nyberg (Oslo), Halvor Nyberg (Skien) og David Nyberg (Asker) om konsesjon på overdraging av landbrukseigedomen Nigard Kostveit gnr. 51/1 frå sin far Gudmund Ragnar Nyberg. Syskena vil ikkje busetje seg på eigedomen i Kostveitgrend, men halde fram med å nytte han til fritidsbruk. Eigedomen er på 1400 dekar, og det er eit eldre våningshus, driftsbygning og hytte på garden, som ikkje har hatt busetting sidan 1950-talet.

Eit samrøystes planutval gjorde dette vedtaket i januar: «Utvalet kan ikkje sjå at å gje søkarane konsesjon vil vera i samsvar med formålsparagraf 1 i konsesjonslova, som syner til forhold som skal vera til gagn for samfunnet. (...) Vinje kommune har sett i gang eit prosjekt for å auke folketalet i kommunen. For å få til dette må me ha gode bustader, og å la ein eigedom på denne storleiken bli ein fritidseigedom, når småbruk er svært etterspurt, vil ikkje vera tilrådeleg. Søkarane får ein frist på seks månader for å overdra/selje eigedomen.»

Langt klageskriv

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS