Grove feil: Christin Resen-Fellie er glad for at vedtaka, som ho meiner var baserte på «grove sakshandsamingsfeil», er oppheva av departementet. Her i lag med sonen Ole Kristian Resen-Fellie.

Ventar offentleg unnskyldning etter at departementet oppheva kommunens vedtak

To gonger har lokalpolitikarane i Nissedal avslått søknaden frå Christin Resen-Fellie om å ta over gardseigedomen Helleslia etter faren. Statsforvaltaren sa også nei, men no opphevar Landbruks- og matdepartementet vedtaka.

Publisert Sist oppdatert

Departementet meiner kommunen og Statsforvaltaren ikkje hadde godt nok informasjonsgrunnlag kring dei byggtekniske spørsmåla då dei avslo søknaden frå Resen-Fellie om fritak frå buplikta på den 4 300 dekar store eigedomen Helleslia i Nissedal.

– Me er utruleg glade for at dei inngripande vedtaka som er fatta av Nissedal kommune og Statsforvaltaren er oppheva og kjend ugyldige. Departementet har gjeve tydeleg instruksjon og juridisk rettleiing til kommunens politiske leiing om kva som skal leggjast vekt på når saka no blir sendt tilbake til kommunen, seier Resen-Fellie til VTB.

– Eg har frå fyrste stund meint at vedtaket var ugyldig, fordi kommunen ikkje la vekt på rett faktum i saka. Saka lid av store og grove sakshandsamingsfeil i fleire instansar, held ho fram.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS