Vegval: Det er mange interesser som møtast i Straumekrysset, der industriområde med viktige arbeidsplassar utviklast side om side med drivstoffstasjonar, utleigebustadar, hyttefolk og fastbuande – og oppå jordbruksareal. Foto: norgeibilder.no
Viktige vegval i Straumekrysset. – Området er ikkje eigna for stor industri når det er så mange bustadhus og fritidseigedommar så tett på
I det nyasfalterte Straumekrysset i Øyfjell møtest vegane frå Høydalsmo, Nutheim og Rauland. Her har både sagbruk og torvprodusent utviklingsplanar som tek krysset i ulike retningar. Tett på dette er både fastbuande, hyttefolk og andre næringsdrivande.
Det er vatn på to sider av Straumekrysset; Stuvetråtjønni til høgre og Dyrdalsvatnet til venstre dersom du kjem frå Høydalsmo. Rett ved vegkrysset ligg Dyrdalsstranda, som vert brukt både av lokale, hyttefolk og vegfarande. I skogen mellom stranda og vegen og vidare rundt vatnet ligg kring 25 hytter.
Dei siste åra har det blitt meir dyrka mark i området. Sidan 2017 har det blitt nydyrka kring 100 dekar – altså 100 000 rutemeter – i nærleiken av Straumekrysset.
Tre verksemder har også etablert seg i Straumekrysset. Den største er Øyfjell sag og høvleri, med kring åtte årsverk, den mellomste er Langhuset med kring fire årsverk og den minste er Straumebui med under eitt årsverk.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP