Potensial: Småbruket Suistog Omdal har stort potensial, og for dei som er villige til å ta på seg restaureringsarbeidet, vil det vere eit koseleg småbruk med mykje sjarm, meiner Tore Skår.

Vil selje dette småbruket: – Det er mykje jobb, men det har potensial

Småbruket Suistog Omdal, som er eigd av tre søstrer, har vore i familien i fleire generasjonar, men ikkje hatt fast busetnad sidan slutten av sekstitalet. No håpar familien at nokon vil kjøpe småbruket og ruste det opp.

Publisert

Tore Skår, som er gift med ei av søstrene, fortel at det har vore mykje jobb med å halde bygningane ved like på eit visst nivå, slik at dei ikkje ramlar heilt saman, og at tilstanden på bygningane er slik at det krev ein stor innsats for å få det bueleg igjen.

Småbruket som ligg i Omdalsgrend-Gøytil har seks bygningar; hovudhus, stabbur i to høgder, skulestove, stall, låve og fjøs.

Svigerfaren til Skår, som var veldig engasjert i staden, byrja å dyrke jorda og arbeidde med å få småbruket i stand. Etter hans brå bortgang i 1989 har ikkje småbruket fått same merksemd.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS