Planrot: Plansjef Åge Verpe med kartet over området der kommunen må rydde opp i kor mange hytter som eigentleg kan byggast. Det oransje feltet der den svarte peikaren står er Holtarbakken.

Vil sette skåpet på plass når det gjeld hyttetal i Holtardalen

Ein feil i ei føresegn og uklarleik rundt kva ei hytte eigentleg er gjer det vanskeleg å halde taket tett når det gjeld maks tal på tomter og hytter i Holtardalen. Nå blir det byggeforbod på hotelltomta medan administrasjonen ryddar opp.

Publisert Sist oppdatert

I februar fekk Holtarstaulen AS godkjent detaljreguleringsplanen for Holtarbakken. Det innebar moglegheit for å bygge åtti einingar på den såkalla «hotelltomta», som ligg som ei øy midt inne i planområdet Holtardalen III. Nokre i kommunestyret var skeptiske til å presse inn heile åtti einingar på denne tomta, men fleirtalet vart til slutt samde om at det ikkje hadde noko å seie om det låg åtti einingar der eller åtti ein annan stad i Holtardalen. For hotelltomta var ein av dei 750 tomtene som stod att i kommunedelplanen Rukkemo Torvetjønn etter hytteoppreinsken i 2022 – taket på maks 1000 nye hytter totalt i Holtardalen III låg fast og inkluderte også dei som ville bli bygd i Holtarbakken.

I alle fall var det det administrasjon og politikarar trudde.

Sjekka jussen i etterkant

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS