Reagerer: Torstein Kongshem (t.h.) og Bjørn Lognvik meiner skytebaneplanane på Gothol bryt med både lovverk og retningsliner. Dei har også eit forslag til kva anna steinbrotet kan nyttast til. – Tenk for ein flott rasteplass det kunne blitt, viss ein får lagt vegen på innsida, seier Kongshem.

Vil ta skytebanesaka til Statsforvaltaren

Handsaminga av skytebaneplanen på Gothol ved Lognvikvatnet er mangelfull og i strid med både lovverk og retningsliner, meiner drivarane av Lognvik-gardane. Dei vil nå ta saka til Statsforvaltaren.

– Me registrerer at plan- og miljøutvalet ikkje har lytta til landbruket, turismen, eller omsyn til natur og friluftsliv i Vinje, men har avgjort å gå vidare med planar om å etablere ein femte skytebane i Vinje, for ei befolkning på 3855 innbyggarar, seier Torstein Kongshem og Bjørn Lognvik til VTB.

Dei to eig høvesvis Lognvik Søndre og Lognvik Nordre, som begge har fleire hundre år gamle freda bygningar. For begge gardeigarane er utleige til turistar ei viktig inntekt for å halde ved like bygningsmassen, og Lognvik har i tillegg kring 150 storfe.

Planane om å bygge ein skytebane i nærleiken av Lognvikgardane har lege ute på høyring i sommar, og over førti uttaler kom inn. Førre onsdag vart saka handsama i plan- og miljøutvalet (PMU) for andre gong. Då gjekk utvalet imot kommunedirektøren si innstilling om å setje planane på vent, og vedtok i staden at ein må gå vidare med ras- og skredvurdering og oppdatering av ROS-analyse før ein kan gå vidare med skytebaneplanen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS