Møsstrond: Paret fekk til slutt konsesjon på Førnes på Møsstrond.

Ville gje full kompensasjon til ekteparet som «ein vekkar for kommunestyret»

Liv Bente Tvenge (H) fekk ikkje med seg kommunestyret på forslaget om å gje Mai Kersten og Knut Gunnarslid full dekking av sakskostnadane i samband med konsesjonssøknaden for Galar og Vest-Førnes. Fleirtalet fylgde rådmannens tilråding, og løyvde halvparten.

Publisert

Ekteparet søkte om å få dekt dei kring 108 000 kronene i advokatutgifter i samband med konsesjonssaka på garden, der dei etter fleire rundar til slutt fekk konsesjon på eigedomen i august. Kommunedirektør Jan Myrekrok viste til klagehandsaminga i argumentasjonen for å imøtekome halvparten av søknaden. Der blei det lagt vekt på at det kom nye opplysingar.

– I administrasjonens og kommunestyrefleirtalet si vurdering blei dette avgjerande for at ein kom til ein annan konklusjon enn i den opphavlege saka. Det er sakshandsamar sin vurdering at det difor er Vinje kommune rimeleg å avkorte refusjon, skriv Myrekrok.

Tilrådinga, om å imøtekome kravet, fekk fleirtal i planutvalet, med fire mot ei røyst. Då saka var i kommunestyret var politikarane på ulike liner i kompensasjonsspørsmålet. Liv Bente Tvenge (H) ville imøtekome søknaden fullt.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS