Ved brygga: Torsdag tek kommunestyret stilling til om dei skal lempe på bupliktkravet i Fjågesund og Vråliosen. Bildet er tatt frå Husfjell i Fjågesund.
Tone Øigarden
Vurderer eigne buplikt-ordningar for to av grendene i kommunen
Torsdag skal kommunestyret i Kviteseid ta stilling til om dei skal fjerne buplikta på bustader og småbruk i Fjågesund og Vråliosen.
Kommunedirektøren meiner det vil vera ein dårleg idé. I saksutgreiinga blir det argumentert med at det vil bli fleire fritidshus i desse grendene og at administrasjonen får meir arbeid. «Ein kan ikkje sjå nokon positive konsekvensar ved å fjerne nedsett konsesjonsgrense i grendene Fjågesund og Vråliosen», konkluderer kommunedirektøren.
Kviteseid kommune har «nedsett konsesjonsgrense», som tyder at alle eigedomar må ha godkjenning om dei skal brukast til fritidsbustad. Elles gjeld buplikta. Formannskapet har bede landbrukskontoret i kommunen sjå på konsekvensane ved å fjerne den nedsette konsesjonsgrensa i Fjågesund og Vråliosen. Då saka kom til utvalet tidlegare denne månaden, valde dei å sende ho vidare til kommunestyret.
25 av 33 har fast busetnad
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP