Skulehus: Dei to skulekrinsane Lien og Svartdal blei truleg slegne saman då det nye skulehuset på Bakkemoen stod ferdig i 1885. I denne skulestova hadde svartdølane fram til våren 1960 dei grunnleggjande skuleåra sine.
Anne Sofie Tresland
135-åring på flyttefot
Går alt etter planen, blir skulehuset i Svartdal flytta – men berre litt lenger sør i bygda. Der skal det få eit nytt liv som informasjonsstad.
Kva er det så å informere om i Svartdal? Det har styret i Svartdal grendelag svar på. For med den nye plasseringa, på ei tomt i krysset Svardalsvegen/Blikavegen, kjem huset til å liggje sentralt ved sykkelvegen som går gjennom bygda langs elva Svorte. Denne sykkelvegen er ein del av det større prosjektet «Opplevingsvegen om Flatdal».
– Ideen er å kople sykkelvegprosjektet saman med skulen. Skulehuset kan då bli ein informasjonsplass for folk som kjem forbi. Der kan dei til dømes få informasjon om gruvene i bygda, om Skarsvegen og om det spesielle kulturlandskapet, fortel leiar i grendelaget, Olav Haugsvold.
Vern gjennom ny bruk
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP