Vevgruppa på Straumsnes: F.v. Kirsten Nordbø, Agnes Haugo, Sonja Øy, Kirsten Haland, Solbjørg Walseth, Torunn Myklestul, Anlaug Straand og Tove Gulliksen Øy møtest kvar tysdag for å veve. Vevgruppa har eksistert i nær 20 år, og no vil dei vise fram noko av det dei har laga med utstillinga «Vev i Vrådal».

20 år med skaparglede og handverk. – No vil me vise noko av det me har laga

I nær 20 år har ei gruppe damer i Vrådal hatt eit kreativt og sosialt fellesskap gjennom veving. No vil dei vise fram noko av arbeidet sitt med ei utstilling.

Publisert

Det heile starta då Tove Gulliksen Øy fekk i gang eit vevkurs. Kurset gjekk over to år, og ei gruppe engasjerte damer frå Nissedal, Kviteseid og Vrådal deltok. Nokre av dei hadde litt erfaring med veving, medan andre ikkje hadde vove i det heile tatt.

– Me syntest det var veldig moro, og me samarbeidde godt, så når kurset var over så blei det til at me heldt fram med det, seier Sonja Øy.

Sidan den gongen har dei hatt ein fast dag der dei møtest i kjellaren til barnehagen i Vrådal. Lokalet, som tidlegare husa ungdomsklubben, er no ei vevstove med elleve vevar til felles bruk.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS