Gåve til Kos: Kviteseid husflidslag, representert av Anlaug Kråknes (t.v.) og Catherine Parle Kråkenes, besøkte Kviteseid omsorgssenter med eit nytt juletre med 84 heimestrikka julekuler frå strikkeglade i heile kommunen.
Tone Tveit
84 strikka jolegleder til bebuarane på Kos
Etter oppmoding frå Kviteseid husflidslag blei mange strikkeglade med for å lage jolekuler til det nye treet som nå står pynta på Kviteseid omsorgssenter.
– Det har vore veldig bra oppmøte på strikkekafeane både i Morgedal og Vrådal, og det har blitt levert jolekuler frå strikkeglade i heile kommunen, fortel Anlaug Kråknes medan ho og Cathrine Parle Kråknes pyntar det nye juletreet på Kviteseid omsorgssenter (Kos).
I september starta Kviteseid husflidslag arbeidet, og oppmodinga om å strikke jolekuler som skulle pynte treet på Kos.
Onsdag kom representantane frå husflidslaget på besøk for å montere nytt joletre med mange hundre små ljos. Fleire av bebuarane samla seg kring treet og pyntinga, og kommenterte dei flotte strikkearbeida.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP