Bygdekveld i Øyfjell: «Var alt betre før?» spurde elevane ved Øyfjell oppvekstsenter, og tok publikum med på ei reise gjennom dei siste 70 åra, med kvardagsliv og fest, politikk og teknologi – og ei god dose humor!

Alt var betre før – eller?

Har du bladd i blytunge leksikon for å finne fakta, jakta på russekort på 17. mai, eller kanskje lånt VHS-film på bensinstasjonen? Mange minne vakna til liv på årets bygdekveld i Øyfjell – ei artig og tankevekkande tidsreise gjennom kvardagsliv, underhaldning, politikk og teknologi.

Publisert Sist oppdatert

Eit sjarmerande Prøysen-kor opnar kvelden, med strikkegenser og skulesekk som plutseleg hamnar på magen. Men den nostalgiske kjensla vert raskt feia bort av to ivrige vaktmeistrar som skal rigge til LAN-party.

Snart er partyet i gang, og to gamergutar slenger seg ned i ein sofa framme i venstre scenekant med laptopar i fanget. Der held dei tråden gjennom heile framsyninga, for dei to driv ikkje berre med gaming. Dei googlar litt også, og finn ut mykje rart om gamle dagar.

Bak dei på scenen blir informasjonen dei finn til levande innslag. Med tidsriktige kostyme og treffande replikkar, lokkar innslaga fram minne for mange i publikum – og plantar truleg nokre kunnskapsfrø i resten.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS