Anne Gundersen fekk årets solpris på Dalen laurdag. Prisen blei overrekt av leiar i næringssamskipnaden, Nora Vinjerui. (Sjå fleire bilde frå solfesten i bildegalleriet)
Anne Gundersen fekk årets solpris på Dalen laurdag. Prisen blei overrekt av leiar i næringssamskipnaden, Nora Vinjerui. (Sjå fleire bilde frå solfesten i bildegalleriet)

Anne – årets solstråle

Gjennom mange år var Anne Gundersen tilsett som Dalen og Tokkes turistvert. Nå er museet i Eidsborg arbeidsplassen, men ho brenn like fullt for å vise fram den flotte heimstaden. Laurdag fekk ho solprisen på Dalen.

– Solfesten er ein veldig triveleg dag – eit høgdepunkt – og det er så moro å sjå så mange blide ungar, flotte kostyme og då sola kom laga ho ei perfekt ramme for dagen, sa Nora Vinjerui, leiar i Dalen næringssamskipnad laurdag.

Solfesten starta med kostymetog frå torget i sentrum og opp til kulturhuset. Her kunne gjestene kose seg med nydeleg heimelaga kjøtsuppe og freistande heimebakst, lotteri eller bli underhaldt av klovnen Tullball.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjå fleire bilde frå solfesten her

Ei solstråle

Sidan 1988 har solfesten vore fast tradisjon på Dalen, og sidan midten av 1990-talet har det også blitt delt ut ein solpris.

– Det har vore mange kandidatar i år, men Solprisvinnaren 2016 er ei solstråle i kvardagen som gjer noko positivt for kommunen ho bur i. Ho er ein god rollemodell for korleis me skal marknadsføre alt det flotte me har å by på i Tokke. Ho er stolt av bygda ho bur i, ho er hjelpsam og stiller alltid opp for å få ting til å skje. I tillegg er ho svært kunnskapsrik og idérik. Ho er engasjert, ivrig og brenn for Dalen og Tokke, innleia Vinjerui.

Birkebeinarbrørne Ask (3) og Aanund (7) hadde med seg veslebror Fartein (1) i rolla som Haakon.
Birkebeinarbrørne Ask (3) og Aanund (7) hadde med seg veslebror Fartein (1) i rolla som Haakon.

– Solprisen 2016 er tildela Anne Gundersen. Ho får prisen for sitt engasjement innan turisme og marknadsføring av kommunen, Vest-Telemark og Telemark. Den jobben ho har lagt ned over mange år er meir enn bare jobb. Ho har stått på seint og tidleg – ikkje minst for at me har fått alle dei fine turstigane i kommunen.

Rørt og overraska

Ei rørt Anne Gundersen kom opp på scenen til applaus og jubel frå eit fullsett Tokkehus.

– Denne prisen fortener du, Anne. Jobben du har gjort for Dalen. Mange av oss i næringssamskipnaden har fått mykje hjelp av deg, og det betyr at me er der me er i dag. Tusen takk, Anne, sa Vinjerui.

– Det var veldig overraskande – men frykteleg moro. Og litt ulileg, for eg veit då om mange andre som fortener denne solprisen mykje meir enn meg, takka Gundersen audmjukt.

Ho fortalde vidare at ho er veldig stolt over kommunen ho bur i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg synest Dalen og Tokke er ein fantastisk plass. Det har vore frykteleg moro å marknadsføre og framsnakke kommunen både i arbeid og fritid, sa Anne som tidlegare var turistvert på Dalen, men nå er tilsett som kontorleiar ved Vest-Telemark museum i Eidsborg.

Kreativt

Etter prisutdelinga blei all kreativitet og mangfald heidra då dei tre solprisdommarane kom på scenen.

Dei hadde slett ikkje ei lett oppgåve med å plukke ut sine favorittar innanfor kategoriane under skulealder, barn, par, grupper, vaksne og til sist velje det mest kreative kostymet. Men til slutt blei dei samde om kven som skulle få kvar sin premie.

Etter prisutdelinga fekk alle superheltar, Kaptein Sabeltannar, godteriautomatar, birkebeinarar, lykketroll, doktorar, tanntroll, hekser eller små klatremus hente kvar sin deltakarpremie frå det bugnande premiebordet.