Barokk midt i fleisen
Var du ikkje på Nordstoga/Barokksolistene førre fredag? Sjå video og bilete her.
No skal eg seie noko av det mest irriterande folk kan seie: Var du ikkje på konserten med Odd Nordstoga og Barokksolistane på fredag? Du burde angre.
Det er ikkje godt å vita kva ein går til når ein skal på konsert med «Odd Nordstoga og Barokksolistane». Bortsett frå at Nordstoga er ein av landets fremste live-artistar, sjølvsagt. Men så var det dei andre. For oss med hol i musikkhistoriekunnskapen kan namnet Barokksolistane gje assosiasjonar til noko mørkt og litt tregt. Parykkar kan vera involvert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Overraskinga er difor stor når fem stramme karar og ein brite med veldig rutete bukse dukkar opp på scenen på Vinjehuset. Alle, bortsett frå briten, er iført smale, svarte olabukser og skjorte, og ser ut som dei møtte kvarandre på bachelorstudiet i politisk idéhistorie på Blindern for nokre år sidan.
«Hei», seier dei smilande til publikum. Fyrste rad, der eg sit, er ekstremt nær musikarane. Salen er stappfull.
Gamaldags møter gamaldags
Barokkmusikarane og Odd ser på kvarandre, fniser litt, ser ut som dei er i ferd med å få latterkrampe. Dette lovar godt.
– Eg blir ikkje så ofte spurt «vil du vera med og spela barokkmusikk?». Så eg spurte sjølv, og Barokksolistane sa ja, innleier Nordstoga – som synest det passar godt at han som er så gamaldags får spela litt gamaldags musikk.
Så set han i gang med å dele ut drikkevarer til medmusikantane sine frå ein full pose han har kjøpt på polet i Åmot. Me anar at barokkmusikk kanskje er noko anna enn me trudde.
Det kjem fram at det er snakk om britisk «alehouse music»: Pubmusikk som oppstod då pietisten Oliver Cromwell på 1600-talet stengte alle teater og konsertsalar i landet.
Kvar skulle så alle dei arbeidsledige musikarane gå? Dit folk var, sjølvsagt: På puben. På dei 30 000 (!) skjenkestadene som fanst i landet oppstod dermed musikalske møte mellom folkemusikken på pubane, og kunstmusikken som dei profesjonelle no tok med seg inn i det aller minst heilage.
To dagars glede
Det er denne blandinga Barokksolistane tok med seg til Vinjehuset og Odd Nordstoga – altså eit nytt musikalsk møte. Konserten har vore planlagt lenge av arrangørane Litteraturdagane og Folkeakademiet i Vinje, men artistane har likevel ikkje hatt så god tid til å øve i lag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har vore ei glede å samarbeide med deg dei siste to dagane, seier Bjarte Eike, leiar for ensemblet, til Nordstoga.
Altså treng ein ikkje øve meir enn to dagar i lag for å få til ein musikalsk eksplosjon (i positiv forstand) på ei mellomstor scene i ei mellomstor bygd. Eller, det krev vel eit visst utgangspunkt …
Bratsj og whisky
Eg trur ingen blei irriterte på Barokksolistane fordi dei tidvis stal rampeljoset frå bygdas store son. Det blei ikkje han heller. Han gliste, spela på trekkspelet sitt, tok ein slager i ny og ne, men fekk også vist kva potensiale som ligg i dei mindre kjente songane hans. «Ein farfar i livet» er strålande med barokk-bratsj og fiolin til. Eit lågmælt «ååå» går gjennom salen når dei fyrste, attkjennelege tonane kjem ut frå instrumenta. Og «Aude strand» blir om mogleg endå meir stemningsfull i denne settinga. Musikken er inderleg, full av lengsel, kjensler og smerte. Før stemninga i neste song kan skifte til å vera ekstremt lystig og prega av gledesrus, dansefeber og whisky.
Fiolinisten og bratsjisten spelar som om dei er hypnotiserte av sine eigne instrument. Dei er eitt med strengane. Han med tromma mellom føtene pustar og held pusten i takt med slaga sine, er heilt raud i andletet og har ei blodåre i panna som er i ferd med å sprengje.
Deier musikken.
«Duskal komme hjem»
Barokksolistane sine eigne glansnummer, med Nordstoga som bakgrunnsfigur, hausta nesten meir applaus enn Odd sine. Kanskje var det fleire enn meg som blei overraska over kor utruleg festleg, flott og finurleg musikk frå barokktida kan vera? Ein skal aldri undervurdere «the element of surprise». Og sjølv ein som ikkje er musikkekspert ser og høyrer at det er svært høg musikalsk kvalitet på det heile.
Kvelden endar med trampeklapp og jubel. Og at eg lovar meg sjølv å bli flinkare til å reise på kulturarrangement eg ikkje veit så mykje om på førehand.
Ein treng ikkje jamt reise på store festivalar eller konsertar i storbyar for å få store musikkopplevingar. Av og til er det faktisk nok å ta ein tur på Vinjehuset.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Du skal aldri komme hjem», syng Nordstoga i «Min eigen song».
Jau då, det skal du, Odd. Og du kan godt ta med deg Barokksolistane.