Forfattargener: Tom Egeland sin oldefar, Jon Flatabø, var ein særs populær serieforfattar kring år 1900. – Han var ei fyllebytte og ein skjørtejegar, og forfattarskapen hans var ein mellomting mellom Margit Sandemo og Jo Nesbø, fortel Egeland. I høgre handa held han «Telemarksjenten» av oldefaren. Sjølv går han inn for å skrive meir krevjande og komplekse romanar, og ønskjer seg intelligente lesarar.

Biblioteket attendoblar opningstidene i Høydalsmo – feira med Tom Egeland som heidersgjest

Tokke er kommunen der flest barn deltok på Sommarles-kampanjen i heile fylket. No vert det meiropent bibliotek i Høydalsmo, noko som betyr mykje betre tilgang på bøker for både store og små. Tysdag vart både dei flinke elevane og utvidinga av opningstidene feira med storfint besøk av forfattar Tom Egeland.

Publisert Sist oppdatert

Tom Egeland og biblioteksjef Benedikte set seg godt til rette i lenestolane i samlingsrommet rett ved Høydalsmo bibliotek. Ti leseglade personar har møtt opp til det intime bokbadet. Tidlegare på dagen stod Egeland framom ein fullstappa Gullbjørgsal på kulturhuset då dei feira avsluttinga av årets Sommarles.

– Det var ein liten herremann frå Høydalsmo som sa noko rørande til deg der, smiler Nes.

– Ja, han ville bli som meg, humrar Egeland.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS