Fekk kulturprisen: Ordførar i Drangedal, Tor Peder Lohne, delte ut kulturprisen til Knarren løypelag Fjågesundheia representert av Bent Arve (Aia) Bratås, Tom Einar Rosland, Lars Morten Homleid og Rune Hagen frå styret i løypelaget.

Blei heidra med pris: – Landets desidert finaste dugnadsdrivne skiløyper

Knarren løypelag Fjågesundheia blei laurdag tildelt kulturprisen i Drangedal. – Det er ei stor ære og anerkjenning som gjev inspirasjon til vidare arbeid, seier Bent Arve Bratås styreleiar i løypelaget.

Publisert Sist oppdatert

– Det er ei verdsetting av alt dugnadsarbeidet som blir lagt ned i løypene våre på Fjågesundheia. Me er takksame og glade for at jobben som blir gjort blir så verdsett, seier Bent Arve (Aia) Bratås i Knarren løypelag Fjågesundheia.

Bratås seier at han i fyrste omgang må takke grunneigarane som er så positive til at løypenettet kan innom både Kviteseid, Drangedal og Nome kommune på Fjågesundheia.

– Utan grunneigarane får me ikkje til noko som helst. Me må også takke gode sponsorar og alle som bidreg og har bidrege på dugnadsarbeid på ein eller annan måte opp gjennom åra, seier han.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS