Blir ny leiar ved Vinjesenteret

Petra Helgesen er tilsett som ny arenaleiar ved Vinjesenteret for dikting og journalistikk, frå og med 1. mai 2022.

Publisert Sist oppdatert

Ho tek over etter Kristian W. Rantala som blir ny kultursjef i Vinje kommune.

– Denne moglegheita kjennest som ei gåve. Nynorsk kultursentrum er ein formidlingsorganisasjon som stadig veks seg større, og som eg ser fram til å vere ein del av, seier Petra Helgesen som kjem frå ei stilling som prosjektleiar for Uprisen og Ungdommens kritikerpris i Foreningen !les, opplyser Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Helgesen er oppteken av å gjere nynorsk språk, kultur og litteratur kjend, og har mellom anna ein master i litteraturvitskap og grunnfag i historie. Ho har også arbeidd som lektor i vidaregåande skule, vore forlagsredaktør i Mangschou forlag og vore gründer og medeigar i Språkfolk AS.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS