Brad Paisley avlyser i Seljord
– Me må dessverre meddele at Brad Paisley ikkje kjem til Seljord i 2016, opplyser Countryfestivalen i Seljord.
I pressemeldinga blir det lagt til at Paisley kjem til Seljord i 2017 «noko heile festivalen er veldig glade for».På festivalen sine heimesider har han lagt att ei helsing til fansen der han lovar å «rock the house».
Artikkelen held fram under annonsen.
Arrangørane opnar for at dei som har kjøpt billett kan få att pengane, eller bruke den på neste års festival.
Brad Paisley var det store trekkplasteret til Countryfestivalen i sommar. 29. juli skulle han ha stått på scena på Fjoset. Nyleg blei det kjent at han hadde avlyst andre konsertar i Europa, men arrangørane i Seljord stod på at han kom til å kome på Country’n.