God stemning: Annankvar sundag har brettspelklubben samling på Kviteseid bibliotek. Frå venstre: David Lund, Rolv Olav Kyrvestad, Bob Crusing, Thomas Bunkenborg Bentsen, Nils Helge Fosse og Monika Bunkenborg Bakkan Bentsen.
Tone Tveit
Brettspelentusiastane inviterer til festival. – Eg håpar det kjem 200
Telecon kallar Kviteseid brettspelklubb den store hendinga dei skipar til i Vrådal saman med Bullseye dartklubb fyrstkomande laurdag.
Kviteseid brettspelklubb (KBK) blei stifta i 2021, og 21. september inviterer dei til sin aller fyrste Telecon festival i Vrådal saman med Bullseye dartklubb frå Fyresdal. På grendehuset og i det tidlegare skulebygget på Straumsnes blir det brettspelturneringar, med både frispeling og rollespel – og dart, mat og sosialt fellesskap.
Styreleiar i KBK, Thomas Bunkenborg Bentsen, fortel at her kan alle som har lyst møte på eit rusfritt arrangement ope for alle aldersgrupper. Han er oppteken av at folk skal kome saman og kjenne kor triveleg det er å spele brettspel.
– Me er opptekne av at alle skal kjenne seg inkludert i klubben, og vil gjerne legge til rette for folk som ikkje har annan fellesskap, seier han, og legg til at brettspelmiljøet er i god vekst i Noreg.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP