Ned Telemarkskanalen til Amerika: Jon Magnus har skrive boka «Brevet frå Minnesota - i skyggen av den amerikanske drømmen» bygd på eit brev han fann etter morsslekta i Tørdal. – Her på Bergsto brygge stod min oldefar Jon og vinka grandonkel Eivind farvel i 1905, fortel Magnus.

Brevet i kista

Jon Magnus fann eit sorgtungt brev, gøymt i den rosemåla kista på husmannsplassen der morsslekta kom frå. Kva skjedde med grandonkelen som rusla frå Tørdal ned til Bergsto brygge. Han vinka farvel og reiste med Amerika som mål, og let ikkje høyre frå seg på 47 år.

Publisert

Ei forteljing frå ei tid der nordmenn reiste for å søke lukka i Amerika, ei tid som lett kan gje perspektiv og tankar til dagens migrasjonsdebatt, meiner forfattaren av «Brevet fra Minnesota - i skyggen av den amerikanske drømmen».

– Min grandonkel Eivind Ytterbø, eller Edwin Yetrebo som han kalla seg i sitt nye heimland, og hans Esther var to av ein million norske innvandrarar som søkte lukka i Nord-Amerika i åra frå 1840 til 1940. Det me omtalar som lykkejegerar i dag, blir vel mest som å sjå seg sjølv i spegelen. Me skal ikkje snakke nedsetjande om dagens lykkejegerar, for me har vore der sjølve. Det var mange nordmenn som søkte etter eit anna og betre liv, men som kanskje ikkje blei som venta, seier Jon Magnus etter at fem års arbeid nå er samla mellom bokpermar og fleire spørsmål i familiehistoria har fått svar.

– Spør før det er for seint, det er ikkje alt ein kan finne i eit arkiv, er den klare oppmodinga til Magnus etter erfaringar frå bokarbeidet dei siste åra. Han har mellom anna funne den amerikanske delen av familiehistoria, og rakk å møte tremenningar på både 86 og 94 år.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS