Bygdekunstnarane fram i ljoset
Johans Rui (1929–2002) frå Haddland sa sjølv at han «lata som han var kunstnar». No har kona Wenja og gode hjelparar samla mykje av biletkunsten hans til ei utstilling i Rauland. Framover vil historielaget heidre fleire av dei mange bygdekunstnarane frå området.
Midt i rommet i galleridelen av Kaffibaren i Rauland står eit staffeli. Lerretet er fylt av eit bilete i blåfargar, og viser det fyrste hotellet i Rauland, Trudvang, som låg på Nystog. Det var Johans Ruis siste verk.
– Dette var eigentleg eit bestillingsverk. Men Johans rakk aldri å bli ferdig med det, og då ville han ikkje at det skulle ut, fortel Wenja Rui, kunstnarens kone.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er 14 år sidan gardbrukar, spelemann og bygdemålar Johans Rui døydde. Men han er langt frå gløymt. I svært mange heimar – dei fleste i Rauland – heng måleri frå den kunstnariske raulendingens hand. Bilete av hus og låvar, landskap og fjell – og Totak. Dei fleste motiva er frå Rauland og Vinje.
Dokumentasjonsreise i bygda
Utstillinga med bileta til Johans opna førre sundag. Initiativet kom gjennom Rauland historielag og Gunn Gardsjord, som har stått i spissen for prosjektet der også Wenja og Åsne Kvåli har vore sentrale.
– Gunn sa «no reiser me og tek bilete av dei måleria me veit om». Og kvar stad me har vore og banka på, har me fått greie på endå fleire som har måleri frå Johans. Eg har ikkje hatt peiling på kvar alle desse bileta har teke vegen, smiler Wenja.
Streva med tunge tankar
Ho og Johans gifta seg i 1972. Han var 43 år gamal, ho ein god del yngre.
Ikkje lenge etter bryllaupet fekk Johans trøbbel med hjartet. Det tærde på han å vera sjuk. Wenja hadde ein liten son, Christian, frå før, og året etter giftarmålet kom tvillingane Anne og Even, og så kom Sigrid. Johans hadde eit fantastisk barnetekke, og ungane sverma rundt han. Kvar sundag kom alle ungane opp i senga til foreldra. Johans syntest det var stor stas, og samanlikna dei gode sundagsmorgonane i senga på Suistog Svalastog med Monolitten i Vigelandsparken. Men far i huset streva også med tunge tankar.
– Johans blei deprimert. Eg trur ein del av årsaka var at han var så sjuk at han ikkje kunne gjera så mykje for familien og garden som han ynskte. Og det var mykje støy og slit med så mange små barn i hus, fortel Wenja.
Johans var til tider «ikkje til å ha i hus». Ho måtte gjera noko.
– Eg visste at han hadde måla ein del før han trefte meg, og at han alltid hadde hatt eit kunstnarisk talent. Så eg ringte til Nutheim, der dei selde måleutstyr, og bad om å få kjøpe eit spekter av fargar og ein haug med lerret. Så ringte eg drosjesjåføren her i bygda, Bibbi Djuve, som eg visste skulle forbi, og fekk ho til å plukke det med seg, fortel Wenja.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Orkar ikkje ha deg inne lenger»
Då målesakene kom til Suistog Svalastog, gav Wenja mannen beskjed om å setje seg på det isolerte rommet på trevet nokre timar om dagen.
– Eg sa til han at «no orkar eg ikkje ha deg her inne heile tida», ler den humørfylte raulendingen.
Mannen sat der i nokre dagar utan å gjera stort. Men det gjekk ikkje lange tida før det losna. Måleri etter måleri kom frå kunstnarens hand.
– Det blei lettare for alle då, og var til stor glede for oss, for han sjølv og for dei som fekk kjøpe bileta, seier Wenja.
Historisk verdi
Johans var glad i gamle hus. Han reiste rundt og fotograferte dei, og så måla han etter fotografia.
– Historielaget trekkjer fram at mange hus som ikkje finst lenger er dokumentert av Johans, seier Wenja.
Sjølv har ho 7-8 av Johans sine bilete, og ungane har nokre kvar. I utstillinga på Kaffibaren heng no 69 bilete – og endå veit Wenja om 20 til. Og det finst fleire. Wenja håpar folk som har eit av Johans sine bilete hengande vil seie ifrå, slik at dei kan fotograferast og koma med i oversikta.
Vil lyfte fram fleire bygdekunstnarar
Framover vil historielaget arbeide meir med å dokumentere og vise fram arbeidet frå dei mange bygdekunstarane – dei som ikkje blei like kjende som Dyre Vaa, Tor Vaa, Knut Skinnarland og dei andre, men som likevel har betydd mykje for folk i området.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har vore stor etterspurnad etter dei lokale kunstnarane. Det er mange i Vinje kommune som driv med noko – men det er ikkje så tilgjengeleg som kunsten frå dei etablerte kunstnarane. Me har lyst til å lyfte fram bygdekunstarane i tur og orden, fortel Wenja.
«Lata som»
Johans Rui var ein beskjeden mann. Han var svært forsiktig med å kalle seg kunstnar.
– Ein skal passe seg for det i miljø som her, veit du, seier Wenja og blunkar lurt.
Så viser ho eit bilete frå yndlingsmotivet til Johans – Saunesodden, like nedanfor garden på Haddland – og fortel historia om då han ein gong etter eige utsegn «stod der og lata som han var kunstnar».
– Brått høyrde han at det kom nokon gåande. Han ville slett ikkje bli sett der han stod, og skeina både lerret og målesaker på Totak før han sprang til skogs for å gøyme seg, humrar Wenja.
– Men så var det berre Hilda Tjønn som skulle til Nesland med ei ku!
Kongen fekk eitt
Som kunstnar var Johans glad i fargar. Wenja viser fram eitt som er måla same år som dei to gifta seg.
– Då trur eg han var glad – for han har bruka ekstra mykje fargar, smiler ho og kikkar på biletet frå Setsberg i Vå.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit anna av bileta fann vegen heilt til kongehuset. Dottera Anne skreiv nemleg til kong Olav og spurde om han ville ha eit bilete frå den rasfarlege staden Sandviki mellom Vå og Arabygdi. Det ville kongen. Takkebrevet frå kongens hoff står i glas og ramme på utstillinga.
Representerer livet saman
Wenja synest det er sterkt å sjå så mange av verka til Johans samla. Dei representerer på mange måtar historia om livet deira i lag, i ulike fasar.
– Forståsegpåarar har sagt at bileta hans toler avstand godt. Det er visstnok eit kvalitetsteikn. Eg har ikkje greie på det, seier Wenja – før ho legg til:
– Men kva er eigentleg kunst? For meg er kunst det folk likar. Det dei synest er fint.
Utstillinga med Johans Rui står til 16. oktober. Neste prosjekt vil truleg handle om Einar og Hilda Tjønn sin produksjon. Gardsjord og Rui vil også gjerne høyre frå folk som har innspel eller ynske om andre aktuelle bygdekunstnarar å lyfte fram.