Namnebyte: Frå no av vil Sørensen-biletet Frå Kviteseid henge i Smørklepp kunstmuseum – Sørensen og Kihle, ikkje Vinje biletgalleri. Omvisar er Kari Bø. Arkivfoto.
Aslak Ringhus
Byter namn – er ikkje lenger biletgalleri
Vinje biletgalleri byter namn til Smørklepp kunstmuseum – Sørensen og Kihle.
Kommunestyret var samrøystes då dei torsdag vedtok namneendringa. Før voteringa bad Arne Skogheim (H) om at forskjellen på galleri og museum vart gjort greie for. Ingerid Hayes (SV) tok oppmodinga.
– Slik eg kjenner kunstverda betyr galleri at det er sal av kunst, medan kunsten på museum berre blir stilt ut ut, forklarte ho.
Det var styret i Vest-Telemark museum som tok initiativ til namneendringa, mellom anna på bakgrunn av den misvisande galleri-merkelappen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP