Bjåenkarane: Frå venstre: Olav, Sjur, Jon og Knut. Biletet tilhøyrer Svalbard museum.
Privat. Tilhøyrer Svalbard museum
Då fangstlaget av fjellfolk overvintra på Svalbard
Korleis var det å liggje på fangst på Halvmåneøya like etter krigen? Det har Herdis Lien ved Svalbard museum forska på. Under årsmøtet til bygdelaget i heimbygda Møsstrond, gav ho dei frammøtte eit innblikk i pelsjegerlivet til fire karar frå Bjåen.
– Halvmåneøya er ein aude, vêrhard stad, som stort sett er ei steinrøys, sa Herdis Lien om den tolv kvadratkilometer store øya som ligg heilt sør på Edgeøya.
Her steig fire karar i land i september 1947. Dei tre brørne Sjur (1909–2000), Jon (1913–1993) og Knut (1920–2001) Bjåen, samt syskenbarnet deira Olav Bjåen (1906–1999) kom med selfangstskøyta Måsen. Ein heil vinter skulle dei vera heilt isolerte frå omverda. Kanskje var dei unge mennene litt eventyrlystne også; men hovudmålet for opphaldet var å skaffe seg ein leveveg. Det skulle bli ein vinter med knallhardt arbeid i det ugjestmilde landskapet. Men innsatsen gav resultat. 138 isbjørnar var totalresultatet. Dei fanga også isbjørnungar som dei flaska opp. Med seg heim hadde dei ni tame ungar som dei selde til dyrehagar.
Tenkje seg til – noko så eksotisk: Ein lastebil med isbjørnungar på stoppa ein kveld på Bjåen. Fangstmennene overnatta heime, før transporten gjekk vidare til Kristiansand tidleg neste morgon.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP