Dagbladet: Momsauke for reiseliv og kultur neste år
Reiselivs- og kultursektorane får auka momsen til 12 prosent igjen neste år dersom regjeringa får gjennomslag for statsbudsjettet, etter det Dagbladet erfarer.
Reiselivet, kulturlivet, idretten og underhaldningsparkane får halde fram med ei meirverdiavgift på 6 prosent ut året etter at regjeringa og Frp før helga vart samde om å vidareføre ordninga som vart innført 1. april i år.
Men neste år er det slutt, har Dagbladet fått greie på, sjølv om desse sektorane er svært hardt ramma av koronatiltaka. Dermed vil satsane gå tilbake til det vanlege nivået på 12 prosent.
Også flypassasjeravgifta, som vart oppheva 1. januar, skal innførast på nytt frå nyttår, etter det NTB erfarer. Regjeringa ventar å få inn 1,6 milliardar kroner på avgifta.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP