«Seljordfestivalen 2009» er teksten på dette biletet. Berre få av alle personane som er med på fotogafia i boka er namngjevne. (Foto frå boka)
«Seljordfestivalen 2009» er teksten på dette biletet. Berre få av alle personane som er med på fotogafia i boka er namngjevne. (Foto frå boka)

Dansebandkultur mellom to permar

Ein fotograf og ein kulturforskar har dokumentert dansebandkulturen gjennom i alt 180 bilete. Halvparten av desse er tekne i Seljord.

Seljord

Hjelp! Tenk om eg har kome med på bilete! Skrekken tek tak i bladfyken medan ho opnar boka. Faren er stor alt på innsida av bokpermen som er pryda av ei stor folkemengd. Granskogen bak amfiet blir studert. Nei, det er ikkje skogen kring Glosimot, registrerer me letta. Altså er ikkje biletet teke på Dyrskuplassen i Seljord. Ved nærare undersøking viser fotografiet seg å vera teke på dansebandfestivalen i Sel i Gudbrandsdalen i 2009. Dette hadde ikkje kollegaene som stakk hovudet innom kontoret akkurat då, fått med seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det nokon kjende her, då?, er fyrste reaksjonen. Biletet blir ivrig studert. Ei viss lette breier seg i dei spente fjesa då dei konkluderer med at «her er det berre ukjende, ja med unntak av dei to der då, dei er frå Bostrak».

Blikket

Slik vil me tru tilnærminga til boka «Dans med meg. Kos, campingliv og danseband», vil vera for mange, både av vesttelar og dansebandfolk. Boka, som er gjeven ut på Aschehoug forlag, blir presentert som ein unik dokumentasjon av det norske og svenske dansebandmiljøet. Forfattaren av boka, Heidi Stavrum, har vore på festival både i Sel og Seljord og møtt både festivalpublikumarar og musikarar. Metoden ho brukar er altså det som i sosiologi-terminologien heiter deltakande observasjon.

Og kva fann ho? Ho fann gjester frå Tysnes og Stryn, og musikarar frå Alvdal og Stadt. Så langt me kan sjå har ho ikkje møtt ein einaste bybuar. Denne meldaren kjenner seg aldeles ikkje sikker på at ikkje mange også i urbane strok er ein del av den store lyarskaren som skrur på radioen på NRK P1 klokka 2203 på laurdagskvelden når det timelange programmet «På dansefot» blir sendt, slik det har blitt gjort kvar veke sidan 1994. Ein skare av folk som frekventerer festivalar – om sjansen byr seg.

Bildetekst

x
Bildetekst x

Sjangeren

Av føreordet til boka går det fram at fotografen og kulturforskaren har ambisjon om å dokumentere det som skjer på festivalane audmjukt og respektfullt. Så får me berre håpe at dei avfotograferte ikkje kjenner seg latterleggjorte.

Musikksjangeren danseband og miljøet rundt blir, ifylgje boka, omtalt som ei menigheit som ventar til festivaltid og lengtar etter ekstatiske erfaringar av flyt, kos og danseglede. Kjensla av å bli riven med i eit fellesskap der dei både kan gråte og le, synge og danse.

Omtrent som den sinnstilstanden folk med andre kulturelle referansar betalar i dyre dommar for å oppnå via yoga, meditasjon og desslike, kan ein tenkje.

Den 180 siders biletboka er forsynt med 33 sider tekst.

Peter Beste (fødd i 1978) er ein amerikansk dokumentarfotograf som spesialiserer seg på subkulturar. Han har tidlegare gjeve ut bøkene True Norwegian Black Metal (Vice Books 2008) og Houston Rap (Sinecure 2013). Han har hatt utstillingar både i New York, London, Paris, Tokyo og Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heidi Stavrum (fødd i 1978) er frå Verran i Nord-Trøndelag. I 2014 tok ho doktorgraden i kulturvitskap på Universietet i Bergen med ei avhandling om dansebandkultur i Noreg. No arbeider ho som fyrsteamanuensis i kulturforståing og kulturformidling ved Universitet i Sørøst-Norge i Bø i Telemark.

anne.tresland@vtb.no