Gåvemottakarar: Frå venstre: Kjersti Rorgemoen og Karen Skog (Øyfjell FAU), Aslak Krossbakken (Vinje løypelag), Jens-Christian Austjore-Hosum (Vest-Telemark stisykkelklubb), Tellef Solås (Seljord IL), Dag Vidar Nygård (Sparebankstiftelsen DNB), Linda Bakås Råmunddal og Randi Nordskog (Sterke-Nils-senteret/Granvins venner), Rikke Christine Roseng og Ragnhild Lindtveit (Seljord frivilligsentral).
Øystein Øygarden
Delte ut 2,2 millionar kroner. Nokon skal bygge bibliotek, andre skal ha ny løypemaskin – og på treningssenteret skal dei kjøpe eit nytt apparat
Tradisjonen tru tok Dag Vidar Nygård frå Sparebankstiftelsen DNB på seg rolla som jolenisse og delte ut pengar til lag og organisasjonar i Vest-Telemark.
Totalt delte Nygård ut sjekkar til meir enn 2,2 millionar kroner til sju mottakarar under fredagens seanse på Sjøormen Kro i Seljord. Dette er den tredje og siste utdelinga i 2024. Samla var det meir enn 1000 søknader på landsbasis. 500 av dei kom gjennom nålauget. Sparebankstiftelsen DNB har totalt delt ut 500 millionar kroner til prosjekt i heile landet – 13 av dei i Telemark, og altså vel 2 millionar i Vest-Telemark.
– Dette er ei hyggeleg oppgåve, sa Nygård til gåvemottakarane før han delte ut dei synlege bevisa – diplom og sjekkar.
Mest fekk Vest-Telemark stisykkelklubb som mottok 670 000 kroner til å ferdigstille pumptrackbanen i Kviteseid. Det totale budsjettet med grunnarbeid er på 2 millionar kroner, opplyser Jens-Christian Austjore-Hosum.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP