Førjolsgåve: Dag Vidar Nygård (ståande) frå Sparebankstiftinga DNB delte ut totalt 1,2 millionar kroner. Frå venstre: Jørund Heggtveit (Kviteseid brettspelklubb), Tarjei Gjelstad (Morgedal idrottslag), Synnøve Bratland og Harald Rishovd (Vinje turlag), Rune Aarhus (Vinje idrottslag). Representantar frå Fyresdal Røde kors og Haukeli husflidslag var ikkje til stades under overrekkinga.
Øystein Øygarden
Delte ut pengar til brettspel, kajakk, lysløype, sykkelsti, møteplass og opprusting av lokale
For tredje gong i år kom Dag Vidar Nygård frå Sparebankstiftinga DNB til Vest-Telemark for å dele ut pengar.
Denne gongen var det seks prosjekt i Vest-Telemark som fekk støtte. Fire av laga var representerte då Nygård overrekte det synlege beviset at dei får pengar. Og oppmodinga frå Nygård var klar.
– De må berre halde fram med å søke!
Denne gongen delte han ut totalt 1 220 000 kroner.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP