Nominert: Gjertrud Raftevold Rue frå Seljord er nominert til å få Drømmestipendet. Her er ho frå Landskappleiken 2024.

Desse er nominert til Drømmestipend

Kvart år får 50 unge kunst- og kulturutøvarar frå heile landet Drømmestipendet. I år er tre unge vesttelar nominert.

Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Kulturskulerådet. Stipendordninga vart etablert i 2004, og sidan den gong har over 2000 unge kunst- og kulturutøvarar fått stipendet.

I dei seks kommunane i Vest-Telemark er det berre tre av kommunane som har nominert kandidatar i år; Seljord, Nissedal og Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Seljord er Gjertrud Raftevold Rue nominert i open klasse. Jon Espelid frå Nissedal er nominert i kategorien musikk. Det er også Marie Spikkeland Holm frå Kviteseid.

Målet med Drømmestipendet er å gje verdfull inspirasjon og anerkjenning, og bidra til at unge kunst- og kulturutøvarar mellom 18 og 25 år får oppfylt sine draumar. Ordninga skal også bidra til å synleggjere kommunen sitt arbeid for unge kunst- og kulturutøvarar. Stipendet blir delt ut innafor kategoriane dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og open klasse.

Kven som får Drømmestipendet i år blir kjent 3. februar.