Strøymar forfattarmøte: Onsdag 30. september kan ein «møte» Zeshan Shakar på Seljord bibliotek.

Direkte strøyming av forfattarmøte frå Litteraturhuset i Oslo på Seljord bibliotek

Seljord bibliotek inviterer til ny direkte strøyming av forfattarmøte frå Litteraturhuset i Oslo. Onsdag kveld kan ein høyre forfattar Zeshan Shakar som er kjent for debutboka «Tante Ulrikkes vei», i samtale med Bjørn Ivar Fyksen om sin nyaste roman «Gul bok».

For «Tante Ulrikkes vei» vart Shakar heidra med Tarjei Vesaas debutantpris, og mange har lese forteljinga om Mo og Jamal og den kronglete vegen mot vaksenlivet. I den nye romanen møter ein Mani frå Haugenstua, som «etter sjette jobbintervjuet trekker det lengste strået og blir ansatt i Oppvekstdepartementet. Resultatet blir små og større kollisjoner mellom Manis virkelighetsoppfatning og verden slik den presenteres som en selvfølge av de nye kollegaene.»

Arrangementet blir gjennomført med smitteverntiltak, mellom anna god avstand og avgrensa tal på deltakarar.