Raudt på museet: Bildet er frå då Raudt sine fyrstekandidatar i Vestfold og Telemark, Maren Kurdøl (Vestfold) og Tobias Drevland Lund (i midten, Telemark), fekk informasjon om bygningsvernarbeidet ved Vest-Telemark Museum av prosjektleiar Trond Arild Pedersen i fjor sommar.
Privat
Doblar tilskotet til bygningsvernsenteret
Den fylkeskommunale støtta til bygningsvernsenteret i Eidsborg blir etter politiske forhandlingar dobla neste år.
– Det er litt jippi-kjensle etter denne gledelege meldinga, seier Trond Arild Pedersen.
Han er bygningsvernrådgjevar ved Vest-Telemark museum i Eidsborg, og blei litt redd då han oppdaga at fylkesrådmannen ikkje hadde sett av pengar til det vidare arbeidet med bygningsvernsenter.
Det stod 0 i budsjettframlegget for 2023. I år har museet hatt 500 000 kroner å rutte med. Same summen som Fortidsminneforeningen i Vestfold fekk for å drive rådgjevingstenesta der. Tysdag kunne posisjonen i fylkestinget for Vestfold og Telemark informere om at løyvinga ikkje berre var tilbake på budsjettet, men at den var dobla.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP