Sveinung Bjelland (t.v.), Arve Tellefsen og Knut Buen fekk verkeleg respons frå publikummet på Neset på fredag.
Sveinung Bjelland (t.v.), Arve Tellefsen og Knut Buen fekk verkeleg respons frå publikummet på Neset på fredag.

Ei nasjonalromantisk konsertoppleving

Arve Tellefsen, Knut Buen og Sveinung Bjelland gav dei 310 besøkande på Neset gard kontinuerleg gåsehud i halvanna time fredag.

Heile det nedste jordet på Neset gard på Rauland var fylt til randen av folk fredag kveld, då den sjølvbygde scena av bjørketre fekk storfint besøk av store stjerner. Folk sette seg godt til rette på medbrakte campingstolar, prata og gledde seg tydeleg til det som skulle skje. Med utsikt over eit roleg Totak og snødekte fjell i horisonten, kunne det nesten ikkje bli meir magisk – før lyden frå strengene til Tellefsen og Buen og tangentane til Bjelland akkompagnerte det heile. I ein og ein halv time var det så vakkert på Neset, på alle måtar, at både den eine og den andre publikummar måtte tørke ei tåre.

Ein spesiell kjemi

Artikkelen held fram under annonsen.

Mellom hyllestane av Myllarguten, Ole Bull og Edvard Grieg fekk dei frammøtte vere vitne til den heilt spesielle kjemien mellom Arve og Knut, som braut av tåretørkinga med nokre skikkelege latterbrøl fleire gonger.

– Dette var ei stor oppleving for oss som vertskap. Arve og Knut gav verkeleg alt, seier Liv Bente Tvenge, som eig Neset gard. Ho var kledd i bunad for høvet, og tydeleg sprekkeferdig av stoltheit då ho presenterte dei store musikarane.

– Og Sveinung Bjelland då, det var heilt fantastisk det han fekk til med eit Yamaha el-piano. Me har planlagt dette i ni månadar. Det var Knut Buen sin idé, han meinte at me burde prøve å lokke Tellefsen heim til Myllarguten sin stad, seier Tvenge. Myllarguten sat nemleg ofte og øva seg på Neset.

Slik såg det ut under konserten. Rauland og Totak viste seg frå sine beste sider.
Slik såg det ut under konserten. Rauland og Totak viste seg frå sine beste sider.
Dei frammøtte kunne ikkje spurt om ei meir magisk konsertoppleving.
Dei frammøtte kunne ikkje spurt om ei meir magisk konsertoppleving.

Tellefsen fiksa ekstranummer

Og dei spesielle omgjevnadane på Neset gjorde truleg inntrykk på Arve Tellefsen.

– Arve sa at han aldri hadde sett maken til plass og energi. Han har jo reist rundt heile verda, så eg trudde eigentleg ikkje på han, men han påstod no det, ler Tvenge, som kan sjå seg meir enn fornøgd med talet på publikummarar som ville få med seg magien.

– Dette var ny rekord her oppe, så me er kjempeglade. Me har no sett oss som ambisjon å få publikumsrekord kvart år, så me må utvide grasklyppinga litt her, seier ho.

Då konserten gjekk mot slutten lura Tellefsen Buen utpå att.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir eit ekstranummer frå Knut her, sa han spøkefullt. Men Knut fornekta seg ikkje. Han spela «Fanitullen» medan heile jordet klappa i takt, og sørgde for å setje eit verdig punktum for ein verdig kveld.

– Det er det som er så moro med Arve. Han finn på noko heile tida, sa Knut med glimt i auga.

– Ja, og du finn ikkje på nokon ting, smell det tilbake frå Arve. Og slik gjekk dei ut medan ei ny latterkule spreidde seg på jordet på Neset.