Festival: I ei heil veke har det vore Rauland Internasjonale Vinterfestival. Det blei avslutta med kappleik og konsert.

Ei veke med felespel, dans, konsertar, tradisjonskunst og internasjonal utveksling vart avslutta med kappleik

Rauland Internasjonale Vinterfestival har utvikla seg mykje frå den forsiktige starten på 1990-talet med vinterkappleik. Årets festival hadde om lag 50 innslag.

Publisert Sist oppdatert

Festivalen blir arrangert på Raulandsakademiet. Den avsluttande kappleiken på laurdagen hadde rekorddeltaking, nærare 100 folkemusikarar og dansarar deltok. Dagen blei avslutta med konsert med Valkyrien Allstars og dans.

På kvelden fekk også Laurynas Lamsodis overrekt Vinje kommunes kulturstipend for 2022 på 20 000 kroner.

– Den fyrste reaksjonen min då eg fekk stipendet var at eg blei overraska. Ellen Nordstoga hadde ymta frampå at eg hadde gode sjansar til å få det, men likevel var det veldig gledeleg å få stipendet, seier Lamsodis til VTB.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS