Ein invitasjon inn i skumringa
Årets sommarutstilling i Seljord tek for seg tida, og korleis kunsten kan manipulere den tradisjonelle oppfatninga av ho.
– Eg har duppa bomullsklede i gips og farga dei. Når gipsen stivnar er kleda i ein spesiell posisjon, som blir foreviga. Poenget er at ein ved hjelp av kunsten kan befeste ein augeblink frå fortida og inn i notida, fortel oslomannen Eirik Senje, som er ein av 17 utstillarar på Sommarutstillinga på Kunstlåven i Seljord.
Tida er eit sentralt aspekt av temaet for utstillinga – skumringssoner. Det er oversetjinga av det engelske uttrykket «twilight zone». I fylgje utstillingas eiga brosjyre er skumringssoner ein situasjon eller ein idé som er uklar eller forvirrande, eller ei fantasiverd av fiksjon. Dette konseptet har vore hovudfaktoren når kunstnarane har blitt plukka ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har freista å finne fram til ei gruppe kunstnarar som kan utfordre og belyse kunstens evne til å fryse, forme og veve tida gjennom sine prosjekt, heiter det i brosjyren.
Mathijs van Geest er ein annan kunstnar som er med på utstillinga. Han kjem opphavleg frå Leiden i Nederland, men er no busett i Bergen.
– Eg er opptatt av korleis små, tilsynelatande tilfeldige situasjonar og gestar i kvardagen verkar å skje mykje oftare etter ein har lagt merke til dei. Til dømes fann eg ein skosåle i mai i år, og etter eg hadde funne ein, fann eg plutseleg mange på kort tid, fordi eg hadde blitt meir observant på dei, forklarar van Geest.
Og av sålefunna sprang det til slutt ein idé, som nederlendaren no har manifestert i eitt av kunstverka på kunstlåven.
– Verket heiter «Unusual Distances», og består av skosålar og plakathylser. Eg har òg laga ei slags scene, tilpassa til rommet her på låven, som var ein stall tidlegare. Eg førestiller meg at plakathylsene og sålane er karakterar på scenen, seier han.
Ungt råd
Både kunstnarane og temaet for utstillinga er valde av det kunstnariske rådet, som i år er både ungt og relativt lokalt. Ånond Versto (31), Ellen Henriette Surhke (31) og Øystein Wyller Odden (33) frå høvesvis Flatdal, Notodden og Akkerhaugen er handplukka til å sitte i rådet.
– Etter utstillinga for fire år sidan, der me sjølv var utstillarar, blei me kontakta av Torhild Grøstad, som er leiar i kunstforeninga. Dei ville ha inn ungt blod, og me blei spurte om me ville sitte i det kunstnariske rådet. Me er alle kunstnarar og har stor interesse for kunst, så det var noko me hadde lyst til, fortel Surhke.
Fyrst tema, så kunstnarar
– Sjølve planlegginga starta for om lag eitt år sidan. Me valde fyrst tema, og deretter inviterte me kunstnarar utifrå kva me ynskte og som hadde ein stil me trudde passa med temaet. Inn mot opninga har det vore veldig mykje arbeid, og lange dagar, men me er godt nøgde med resultatet, supplerer Versto.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor dei har hatt det travelt. Kunstlåven har eit samla areal på opp mot 1000 kvadratmeter, inkludert både gamle stallar og ein silo, noko som har ført til auka moglegheiter for kunstnarane.
– Mange av kunstnarane har tilpassa arbeida sine for låven. Nokre har installert dei på ein spesiell måte, medan andre har laga heilt nye kunstverk, spesielt med tanke på sommarutstillinga. Så det er ei mangfaldig samling av arbeid, fortel Wyller Odden.
Mangfaldet har òg blitt styrka av det store mangfaldet dei har på kunstnarane. Den eldste utstillaren, Lillebet Foss frå Oslo, er 86 år, 58 år eldre enn Johanne Hestvold, som er utstillingas yngste.
– Me har bevisst prøva å binde saman generasjonane ved å ha eit såpass stort sprik i alder. Det er òg fascinerande å sjå korleis kunsten går i syklusar, og korleis til dømes avstøypingar i bronse er populært blant kunstnarar i vår generasjon, noko det òg var for eit par generasjonar sidan, held Wyller Odden fram.