Aslaug Høydal var alltid veldig engasjert, understrekar Gerd Kari Årdalen (t.v.) og Kirsten Østmoe som hadde henne som lærar på realskulen på Dalen på 1960-talet.
Aslaug Høydal var alltid veldig engasjert, understrekar Gerd Kari Årdalen (t.v.) og Kirsten Østmoe som hadde henne som lærar på realskulen på Dalen på 1960-talet.

Ein trygg og omsorgsfull lærar

– Ho var god til å lære frå seg. Dersom ein av elevane ikkje gjorde det så bra, blei ho veldig lei seg. Ja, nesten meir enn eleven sjølv, hugsar Gerd Kari Årdalen.

Ho og syskenbarnet hennar Kirsten Østmoe, båe fødd Solli i Skafså, hadde Aslaug Høydal som lærar på realskulen på Dalen på 1960-talet i fleire fag, mellom anna norsk, historie og geografi. Dei to var møtt fram på festkvelden i Langlim for den avhaldne pedagogen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg minnest henne som ein mild lærar – det var så trygt når me hadde timar med Aslaug. Sidan har eg alltid hatt henne i hjartet. Eg følte rett og slett at ho var glad i meg, seier Kirsten Østmoe.

Gerd Kari Årdalen har elles eit minne frå den 17. mai då ho var russ. Tidleg om morgonen var dei to som sette seg på ein moped og køyrde i retning Vistad. Der budde Aslaug. Ho avviste dei aldeles ikkje.

– Ho bad oss inn på frukost. Me fekk brødskiver og mjølk, smiler den tidlegare eleven.