Redd Raulandsfjell: Tre av eldsjelene skodar oppover mot bakkane der dei snart håpar frikøyrarar kan få heisskyss att.
Åshild Emma Solbjør
Eldsjelene kjempar mot klokka. – Det er nå eller aldri for Raulandsfjell
Ein skiheis ute av drift må etter loven rivast etter eitt år. I Raulandsfjell alpinsenter står heisen stille for tredje sesongen på rad, men takka vere ein gjeng eldsjeler som elskar frikøyring i bratte bakkar er anlegget framleis intakt.
Raulandsfjell alpinsenter opna i 1986, hakk i hæl på Rauland skisenter som sette i gang skiheisen året før. På fleire måtar har alpinsenteret vore veslebroren til skisenteret – eitt år yngre, mindre synleg på vegskilt og i marknadsføring, og med langt mindre hyttebygging og russel rundt seg.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP