Haugen i Morgedal – 1887: Frå venstre: Aasta Omtveit f. Haugen, Ingebjørg (på armen), Ingebjørg Haugen (bestemor) med Birgit (dotterdotter) på armen, Torleif Omtveit med hest.
Axel Lindahl/Kviteseid historielag
Endå ei bok om husmannsplassane er klar – og det kjem fleire
Husmannsplassane i Morgedal og Ordal blir presentert i den ferske boka frå Kviteseid historielag.
«Bygdi som bogna av folk», skriv T. Loupedalen i boka «Morgedal – skisportens vogge». Folketeljinga frå 1875 viste 31 gardar og 47 plassar med til saman 483 personar, blir det referert til i den nyaste boka frå Kviteseid historielag om husmannsplassar i Morgedal og Ordal.
I området Huvestad og Gjersund/Råmunddal var det totalt 23 husmannsplassar. Blant desse var Norheim – den siste plassen Sondre Norheim rydda og bygde på. Tidlegare hadde han rydda Kasin, under Sudbø, og Nordbøen under Lid, kjem det fram i boka. Husmannen frå Morgedal som blir kalla «far til den moderne skisport» blei buande på Norheim fram til familien reiste til USA i 1884. Det har ikkje budd folk på Norheim, som i dag er ått av Knut Gjersund, sidan familien flytta utanlands.
Samla i Morgedal er meir enn 100 plassar omtala.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP